Den siste tida har tjuvar ved fleire høve slått til og rundstole bustader på Vestlandet. Innbrota har skjedd medan dei sørgjande deltok i gravferder. Politistasjonssjef Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland seier til VG at han trur tjuvane les dødsannonsar og slår til under gravferdene. Sentralt i etterforskinga står ein tyskregistrert Audi. – Vi har ganske konkrete opplysningar om to til tre personar i ein grå Audi A4 med tyske skilt, seier han. Politiet ser ikkje bort frå at tjuvane allereie er ute av landet. Tre innbrot har skjedd medan dei etterlatne har følgt sine kjære til grava i Alver nord for Bergen i Vestland fylke, og på Karmøy og Vindafjord i Rogaland. Innbrota har skjedd 19 og 22. september. På Frekhaug i Alver nord for Bergen fekk tjuvane med seg sølvtøy, gull og smykke. Huseigaren seier til Bergens Tidende at han reknar med at verdiar for nærare 100.000 kroner er borte. Også i Rogaland stakk tjuvane av med sølvtøy, gull, smykke og med kontantar. – Vi er i ein etterforskingsfase og samarbeider med Sørvest politidistrikt. Alle stader har innbrota skjedd medan næraste familie har vore i gravferder, seier Vangberg til Bergensavisen. Han synest ingenting om den kyniske framgangsmåten. – Ein skal ikkje komme heim frå gravferd til sine næraste og bli møtte av eit endevendt hus. Det er ikkje bra. (NPK-NTB)
Den siste tida har tjuvar ved fleire høve slått til og rundstole bustader på Vestlandet. Innbrota har skjedd medan dei sørgjande deltok i gravferder. Politistasjonssjef Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland seier tilSentralt i etterforskinga står ein tyskregistrert Audi. – Vi har ganske konkrete opplysningar om to til tre personar i ein grå Audi A4 med tyske skilt, seier han. Politiet ser ikkje bort frå at tjuvane allereie er ute av landet.
– Vi er i ein etterforskingsfase og samarbeider med Sørvest politidistrikt. Alle stader har innbrota skjedd medan næraste familie har vore i gravferder, seier Vangberg til– Ein skal ikkje komme heim frå gravferd til sine næraste og bli møtte av eit endevendt hus. Det er ikkje bra.
Österreich Neuesten Nachrichten, Österreich Schlagzeilen
Similar News:Sie können auch ähnliche Nachrichten wie diese lesen, die wir aus anderen Nachrichtenquellen gesammelt haben.
Stor aksjon i Alver: – De tror de har kommet over et dødt menneskeTidlig tirsdag kveld fikk politiet melding om at en bevisstløs person var observert på Isdalsfjellet i Alver.
Weiterlesen »
Politiet identifiserte 198 narkotikaselgere på Grønland i Oslo i sommerI løpet av sommeren identifiserte politiet 198 narkotikaselgere på Grønland i Oslo. Over en halv million kroner, narkotika og flere våpen ble beslaglagt.
Weiterlesen »
Politiet: Melding om brann i fritidsbåt i LarvikTV 2 Nyheter Livestudio - Siste nytt i dag
Weiterlesen »
Politiet advarer mot disse etter dødsfall(Åpen for alle)
Weiterlesen »